Dager
0 0 0 0
0 0 0 0
0 0 0 0
Timer
0 0 0 0
0 0 0 0
Minutter
0 0 0 0
0 0 0 0
Sekunder
0 0 0 0
0 0 0 0
Bli med på årets Tare Cup

TARE CUP 2024

VELKOMEN TIL SPAREBANKEN MØRE ARENA

TARE CUP

I samarbeid med turneringssponsor Sparebanken Møre inviterer AaFK Fortuna, Hødd og Sunnmøre Fotballkrets til Tare Cup i Sparebanken Møre Arena i november!

Det som tidlegare hadde namnet Tare Jentefestival og Tare Cup blir no slått saman og vil gå under namnet Tare Cup dei komande åra. I tillegg blir det lik premiering, felles påmeldingsside, kommunikasjon og marknadsføring av turneringa. 

Første helga er det AaFK Fortuna og Sunmmøre Fotballkrets som er arrangør for turneringa til jentene, og Hødd for gutane helga etter.

Tare Cup jenter

Først ut er Tare Cup for jenter 2.- 3. november. Som tidlegare vil turneringa vere gratis for jentene og her håpar vi så mange lag som mogleg melder seg på slik at jentene får bra med speletid. I 2023 var det heile 240 påmeldte lag til turneringa! 

Tare Cup gutar

I år blir turneringa for gutane arrangert 9.- 10. november og vi ser fram til å ønske alle lag velkomne til Sparebanken Møre Arena. I fjor var det rekordpåmelding med heile 311 lag, og med over 100 lag på venteliste! Vi oppmoda derfor laga til å vere tidleg ute om ein ønskjer å delta på årets turnering.

Arrangørane AaFK Fortuna, Hødd og Sunnmøre Fotballkrets ser fram til to kjekke helgar i Sparebanken Møre Arena.

Vi har plass til mange lag. Meld deg på her!

Påmeldingsfrist: fredag 4. oktober

For meir informasjon om kampavvikling, påmeldingsavgift og meir praktisk informasjon om turneringa, sjå menyen oppe til høgre på nettsida!

Velkomen til Tare Cup!


For spørsmål:

Tare Cup jenter – Mette Muri på telefon 482 15 950 eller e-post  mette.muri@fotball.no.

Tare Cup gutar – André A. Gardshol på telefon 995 42 159 eller e-post  gardshol@hodd.no.


Evaluering

Dette er resultatet av en evaluering av turneringen vår som ble gjennomført i løpet av december 2022

Supert arrangement. Vi kommer tilbake neste år. Mvh IsfjordenIL-2011
33 svar