Parkering Sparebanken Møre Arena

Det vil bli satt opp parkeringsvakter frå parkeringsplassen utanfor hallen og heilt bort til rundkøyringa ved enden av Color Line Stadion. Sjå lenger kart over parkeringsplassane under!

Adresse til Sparebanken Møre Arena er:  Sjømannsvegen 16, 6008 Ålesund.  

Lagsmottak

Alle lag skal melde seg i lagsmottaket ved ankomst. Her er det nok at lagleiar registrerer laget.  Her ønsker vi også laga kjem med ønsker for når dei vil gjennomføre premieutdelinga.

Følgjande tidsrom kan ein reservere tid for premieutdeling.

  • 11.00 – 12.30
  • 14.00 – 15.30
  • 17.00 – 18.30

Om ein ønskjer premieutdeling utover desse tidene, så ta kontakt i god tid slik vi får organisert dette på ein god måte.

Premieutdeling

Premieutdelinga vil skje i nærheita til lagsmottaket og her vil det bli satt opp scene der alle vil få  flotte premiar utdelt.

Viktig informasjon

  • Møt opp i god tid til lagets kampar slik vi klarer å halde tidsskjema.
  • Kamptid er 1x18 min (5ar og 7ar) og 1x13 min (3ar).
  • Alle lag i klassene G08 til G12 skal spele minimum 3 kampar. 
  • Alle lag i klassene G06-G07 skal spele minimum 5 kampar.
  • Det blir banesekretariat ved enkelte baner for å sikre at kampane starta til rett tid. Her vil ein også få utdelt vestar dersom lagsfargane er for like. Ved draktlikheit er det bortelaget som skal ta på kampvestar.

Ansvar i hallen

Det er viktig å presisere at lagleiar og foreldre er ansvarlege for spelarane mellom kampane. Vi vil gjere det vi kan for å sikre klatreveggen og andre spennande områder.  

Kiosk

Det blir kiosk både i fellesområdet ved inngangen og bak tribunen inne i hallen. Her kan ein kjøpe seg både mat og drikke under turneringa. Betaling ikioskene  kan skje med Vipps, kontant og kort under Tare Cup.

Diverse informasjon

Det vil også bli satt opp ein salsstand med Puma-utstyr og andre spennande produkt som ein kan kjøpe til ein god pris.

Røde Kors vil også vere på plass, og dei vil vere godt synlege i hallen under turneringa. Skulle laga trenge medisinsk hjelp, så ta kontakt med Røde Kors.

Reise

Det er mange lag påmeldt til årets Tare Cup, og fleire lag reiser med ferje. Med eit fullpakka kampprogram er det ekstremt viktig at alle lag er på plass i tide slik at kampane går som oppsett. Sjekk derfor ferjetidene og vær tidleg ute slik du kjem med på ferja, og er tidleg i hallen før første kamp. 

Lykke til med kampane - vi gler oss!